I Stord Helsepark er aktørane handplukka for å kunne gi eit heilheitleg tilbod til dei besøkande. Ein skal kjenne seg trygg på at tenestene i huset er godkjente behandlingar i tråd med norsk regelverk for helsetenester.
I huset finn ein både nye og allereie kjende tenesteytarar.
Det er framleis mulig å verta ein del av fellesskapet ved Stord Helsepark. Me er ute etter eit breidt spekter innan spesialiserte helsetenester for å kunne nå målet om å kunne tilby eit heilheitleg tilbod i Sunnhordland.