Tverrfagleg kompetanse på ein og same stad

Stord Helsepark fyller seks etasjar og 6.200 kvadratmeter, der pasientar og kundar får ei dør inn til mangfaldet vårt av helserelaterte tenester. Og sjølv om det unike og spenstige bygget er i ferd med å fyllast opp, har me framleis plass til deg og din praksis!

Me tilbyr lokale i ulike storleikar, som blir skreddarsydde til dine behov. Du kan velja å ha dine heilt eigne lokale – eller gå for sambruk i lag med andre helseaktørar.

Blir du ein del av helseparken kan du òg nytta deg av den felles kantina med restaurantkjensle, og tilhøyrande takterrasse i femte etasje – begge med fantastisk utsikt til hamna og fjorden. Ved kantina er det også eit møterom som alle leigetakarar disponerer fritt. Desse fellesareala gir rom for både fagleg og sosialt påfyll, i ein inspirerande smeltedigel av ulike profesjonar. Ei eiga foreining for alle aktørane i bygget vil dessutan jobba for felles marknadsføring, kompetansebygging og sosiale arrangement.

I kjellaren er det parkering både for syklar og bilar, garderobeanlegg med dusj, og heis som fører deg heilt til topps i bygget.

Vil du bli ein del av eit større og breiare helsemiljø? På jakt etter spenstige, inspirerande og moderne lokale til din praksis?

Kontakt Randi Beathe Hovland på randi@stordhelsepark.no