Med mål om betre folkehelse og ei styrking av helse- og omsorgstenester på ein berekraftig måte, utfordrar Samhandlingsreforma alle delar av helsetenesta til å forbetra samarbeidet og samhandlinga seg imellom. Stord Helsepark vil vera med på å bygga opp under intensjonane i denne reforma gjennom
– å gi folk tidleg og god hjelp nærast mogleg der dei bur
– å gi eit meir heilskapleg tilbod på ein stad
– å legge til rette for godt samarbeid mellom ulike aktørar
– å fokusere på frisklivstilbod
Me ønsker deg med på laget!