Med Stord Helsepark etablerer me no morgondagens helsetilbod. Gjennom å samlokalisera eit breiast mogleg spekter av helse- og velværetenester under same tak, skaper me eit heilskapleg tilbod av høg kvalitet som vil gjera helseparken til det naturlege førstevalet for innbyggarar frå heile Sunnhordland.
Plasseringa i Borggata, midt i Leirvik sentrum, gjer helseparken lett tilgjengeleg for folk frå heile regionen. Me ligg tett på buss- og hurtigbåtterminalen i regionsenteret, og får eiga kundeparkering rett utanfor bygget.
I første etasje blir publikum ønskte velkommen med flotte fellesareal, omgitt av ei rekke handelstilbod fokusert på helse og velvære. Her finn du Apotek 1, Brilleriet, kafeen Urt & Ugras, Paula Banea Velvære og Saxen frisør.
Dei ulike aktørane som har funne seg nye lokale hos oss dekker allereie eit godt og variert tenestespekter, men helseparken jobbar framleis med å komplettera tilbodet ytterlegare. For pasientar, brukarar og kundar betyr samlokaliseringa at dei får kortast mogleg veg mellom ulike lege-, helse- og velværetenester. For helseaktørane gir helseparken ei god ramme for samhandling på tvers av tenester, og ikkje minst gode vilkår for fagleg og sosialt påfyll i eit tverrfagleg miljø.
For å betra folkehelsa og styrka helse- og omsorgstenestene på ein berekraftig måte, utfordrar Samhandlingsreforma alle delar av helsetenesta til å forbetra samarbeidet og samhandlinga seg imellom. Stord Helsepark bygger fullt og heilt opp under intensjonane i reforma, gjennom:
- å gi folk tidleg og god hjelp nærast mogleg der dei bur
- å gi eit meir heilskapleg tilbod på ein stad
- å legga til rette for godt samarbeid mellom ulike aktørar
- å fokusere på frisklivstilbod
Ønsker du å veta meir om helseparken? Interessert i bli ein del av eit breitt tverrfagleg helsemiljø?
Kontakt Randi Beathe Hovland på randi@stordhelsepark.no