Sidan opning av Stord Helsepark i sommaren 2021, har me fått over 20 ulike praksisar og verksemder med på laget, fleire skal det bli. I slutten av desember 2021 flyttar augelege Christian Nilsen inn i 5.etg. Samstundes startar me opp bygging av nye lokaler til Kriminalomsorgen som skal inn i 3.etg. For nokre aktørar er me i sluttfasen med planlegging og mens andre heilt i starten med teikninga av deira skraddersydde lokale. Helseparken fyller seg opp og me er godt i gong med å tilby Sunnhordlendingen eit breiare og betre helsetilbod.